Søkjer talent!

Lagt ut 24. april 2013

Ralston & Bau designar arbeider tverrfagleg og leverer produkt-, møbel-, grafisk- og interiørdesign 

til fleire norske og internasjonale oppdragsgjevarar frå basen Transplant i Dale i Sunnfjord.

 

Designar

Ralston & Bau søkjer ein dyktig designar med gode organisatoriske og kommunikative evner. 

Du bør vere erfaren i 3D-visualisering og med Adobe Suite-program. 

Kunnskap innan grafisk design og/eller ArchiCad eller lignende er eit pluss. 

Personen vi søkjer har pågangsmot, skandinavisk morsmål og snakkar flytande engelsk. 

 

Designar/lærling

Som lærling deltek du i alle typar aktivitetar, dette omfattar eit innovativt materialbibliotek og verkstad. 

Designarar som likar å arbeide med hendene vert oppfordra til å søkje, sidan lærlingar er spesielt engasjert i modellbygging. 

To stillingar med varigheit på seks månader er opne for masterstudentar i design eller nyuteksaminert designar.

 

Freelance samarbeidspartnar

Ralston & Bau ønskjer også å knyte til seg fleire samarbeidspartnarar.

Langsiktig og kortsiktig arbeidsplass i Transplant rett ved vakre Dalsfjorden kan tilbydast.

Dyktige fagfolk som vert oppfordra til å ta kontakt er:

-ArchiCad-teiknar

-3D-modellerar

-Web-programmerar

-Tekstforfattar/språkvaskar nynorsk

-Prosjektleiar for kulturprosjekt

 

Send CV, portfolio og eit motivasjonsbrev merka med stillinga du søkjer på til:

Dana Brauer, play@ralstonbau.com

Frist: 17 mai 2013