Interiørarkitektur.no?

Det er med interesse NIL erfarer at styresmaktene vil fokusere på arkitekturpolitikk i tida som kjem. Denne satsinga håper me skal gje positive ringverknader for vårt fagfelt, samstundes som ein med bekymring registrerer at interiørarkitektur er eit fråverande tema. 

Av Siv Senneset

Regjeringa har utarbeida dokumentet arkitektur.nå, ein handlingsplan for ny norsk arkitekturpolitikk. So mange som 13 departement har ein fot innanfor arkitekturfeltet. Disiplinen kan derfor ikkje seiast å vera eit snevert fagfelt, men eit fagfelt som famnar vidt om sosiale, kulturelle, tekniske og sanselege kvalitetar. Arkitektur omfattar i vid forstand alle våre menneskelige omgivnader, står det i innleiinga.  Det er vi einige i.

Det betyr at me også innomhus må tilstreve varige estetiske uttrykk, haldbare prosjekt som ikkje berre er prega av tidas impulsar og moderne tendensar. Berekraftig utvikling er også kjenneteikna av formkvalitetar og materialbruk som fornøyer gjennom fleire generasjonar.

Interiørarkitektane har gode føresetnader for å realisere prosjekt som tek vare på vår vakre bygningsarv samstundes som ein tilrettelegg for ny bruk og tilgjengelegheit for alle. Me meiner at interiørarkitektanes kompetanse er nødvendig for at Staten skal vere eit førebilete både som bestillar og sentral aktør innan arkitekturfeltet.

Regjeringa si målsetting er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Det inneber ei enorm satsing i tida framover. Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven vart satt i verk 2009 og i følgje ny plan- og bygningslov skal universell utforming leggjast til grunn for all planlegging. Lova gjeld også eksisterande bygningar. Tilgjengelegheit skal jamvel sikrast innomhus, utan at innvendige kvalitetar er omtalt i Arkitektur.nå.  

Visuell kvalitet saman med funksjonelle tilpassingar, riktige proporsjonar og god akustikk er virkemiddel interiørarkitektane tek i bruk for å skapa gode rom. Velvald fargebruk og materialkunnskap er naudsynt for å ivareta funksjonell utforming av inventar, møblar og rom.

Det er også eit samfunnsøkonomisk utbyte av å skapa varige løysingar som fungerer for alle.

For å nå visjonen om god arkitektur som bidreg til høg livskvalitet og gjev attraktive, funksjonelle og universelt utforma rom må interiørarkitektane vere tydelegere på sin kompetanse. God arkitektur skal utrykke felles kultur og identitet. Arkitekturen skal bidra til velferd, bærekraft og verdiskaping.

Interiørarkitektane sit med viktig kunnskap, det er no det er mogeleg å vera med for å staka ut kursen!Me har dei beste føresetnader for å vere heilt i front når Noreg set arkitekturpolitikk på agendaen!